Når nye kundar skal knytast til strømnettet, eller når ekisterande nettkundar ønskjer endring i tilknytinga, vil det ofte bli nødvendig med utbygging eller forsterkning av nettet.

Kort om anleggsbidrag

Utbygging, drift og vedlikehald av strømnettet er eit spleiselag, der alle som er knytt til strømnettet betaler sin del av det. Når nye kundar ønskjer å knyta seg til nettet, eller ekisterande kundar ønskjer auka uttak frå det, kan det føra til at nettet må byggjast ut og forsterkast. Eit anna døme er nedtak av målar ved samanslåing av anlegg. 

Kostnadene til dette må dekkjast av den som utløyser tiltaket, i form av eit anleggsbidrag.

Kundane som etterspør dette, må betala sin del av kostnaden for å byggja ut, og forsterka, det nettet som er nødvendig for at dei skal kunna knyta seg til det. Dette blir gjort gjennom å betala eit anleggsbidrag for utbygginga.


Du kan også lesa meir om anleggsbidrag på NVEs nettsider her:

Spørsmål og svar om anleggsbidrag

Kva er eit anleggsbidrag?

Eit anleggsbidrag er eit investeringstillegg som du betaler til nettselskapet for å få knyta deg til nettet, eller for å auka kapasiteten på det eksisterande uttaket ditt.

Høvet til å ta anleggsbidrag er heimla i §16-1 i forskift om kontroll av nettverksemd.

Når må ein betala anleggsbidrag?

Du må betala anleggsbidrag dersom du ønskjer å knyta nytt forbruk til nettet eller får auka kapasitet. Flytting av eksisterande nett inngår også i anleggsbidraget dersom flyttinga er på grunn av at det skal knytast til ny kunde. Du må også betala anleggsbidrag dersom du som anleggseigar stiller særskilde krav til strømleveransen, det vil seia ut over den kvaliteten nettselskapet pliktar å levera.


Typiske døme på når det krevst anleggsbidrag, er som følgjer:


  • Ein ny bustad skal knytast til strømnettet.
  • Det blir installert ein el-bil ladar i bustaden, som gjer at straumnettet inn til bustaden må forsterkast.
  • Eksiterande nett må flyttast for å gi plass til ny installasjon.
  • Samanslåing av anlegg der målar må demonterast.

Dersom det skal gjerast tiltak som påverkar strømnettet, så vil dette medføra eit anleggsbidrag for å få gjennomført det aktuelle tiltaket.

Alle kostnader knytt til utgreiingar inngår i anleggsbidraget. Desse kostnadene fell til kunden, uavhengig om prosjektet blir realisert eller ikkje.

Reglane gjeld også for maska nett, det vil seia regional og transmisjonsnettet.

Korleis blir anleggsbidraget fastsett?

Anleggsbidraget blir fastsett med bakgrunn i dei samla anleggskostnadene for å kunna gjennomføra nettilknytninga, eller endringar i ho. Dette omfattar kostnader til kundespesifikke nettanlegg, samt eventuelle kostnader til forsterkning av eksisterande nett.


Anleggsbidraget blir då fastsett med utgangspunkt i følgjande berekning:


Samla anleggskostnader

- Noverdi av reinvisteringskostnader i eksisterande nett

= Anleeggsbidrag


Dette innebær at kundane dekkjer følgjande kostnader gjennom anleggsbidraget:

  • Kostnader til kundespesifikke nettanlegg.
  • Kostnader for å framskunde reinvistering i eksisterande nett.
  • Kostnader for å auka kapasiteten i eksisterande nett.

Det blir ikkje betalt framskundingskostnadar på transformatorar. For transformatorar betaler kunden berre anleggsbidrag for den auka kapasiteten.

Korleis blir eit anleggsbidrag fordelt mellom fleire kundar?

Anleggsbidraget blir fordelt mellom kundar basert på den etterspurde kapasiteten til kunden. Dersom kunde A skal ha dobbelt så stor kapasitet som kunde B, betaler A dobbelt så mykje av kostnadene på det felles nettanlegget.


Nettselskapet skal også ta høgd for framtidige tilknyttingar og fordela kostnadene på desse avgrensa oppover til ti år fram i tid. Nettselskapet kan velja å forskotera kostnadene, eller betala tilbake til andre kundar, etter kvart som nye kundar blir tilknytta.

Korleis etterberegnes eit anleggsbidrag?

Etterberkna anleggsbidrag skal maks oversiga opphavleg estimert beløp med 15%. Dette gjeld berre dersom kunden sjølv ikkje er skyld i overskrindingane.


Dersom kunden eller dens representant, det vera seg installatør, utbyggjar etc. er skyld i overskindingane, er det ikkje sett noko maks tak på etterberekna anleggsbidrag.

Klaga på anleggsbidraget?

Dersom du er usamd i anleggsbidraget og du ikkje når fram hos nettselskapet, kan du klaga til NVE. Du kan nytta denne linken for å komma til klageskjemaet: Klaga på nettselskap

Kven grev kabelgrøft

Kabelgrøft skal normalt gravast av ein godkjend graveentreprenør. Dersom kunden ønskjer å grava sjølv, må dette avklarast og blir godkjent av nettselskapet i forkant. Alt entreprenørarbeid skal vera i samsvar med nettselskapet sine retningslinjer.