Frå 1. desember 2021 må du gje generell aksept for eFaktura «Ja takk til alle» for å kunne motta rekningar frå bedrifter som du tidligere ikkje har motteke eFaktura frå. Vi oppfordrer difor alle eFakturakundar til å inngå «Ja takk til alle»-avtale så fort som råd.

Frå 15. mai 2022 må du som eFakturakunde gje ein generell aksept for eFaktura for å fortsette å vera eFaktura-brukar. Dette blir kalla "Ja takk til alle" eller Alltid eFaktura, avhengig av kva bank eller betalingsapp du har. For å fortsatt kunne motta rekningar og faktura som eFaktura, er det viktig at du aksepterer "Ja takk til alle" i din nettbank eller betalingsapp.

Dersom aksepten ikkje blir gjort før fristen, vil du ikkje lenger motta eFaktura etter 15. mai 2022. Endringa blir gjort for at det skal bli enklare for deg å betale rekningene dine. Med ein generell aksept vil du heretter motta eFaktura frå fyrste rekning frå bedrifter som tilbyr eFaktura. Det betyr at du ikkje lenger må inn i nettbanken for å melde deg på mot dei enkelte bedriftene. Dersom det er enkeltbedrifter du ikkje ynskjer å motta eFaktura frå kan du enkelt reservere deg i nettbanken.