Mange bustadbrannar startar i det elektriske anlegget og kunne vore unngått med ein regelmessig sjekk. Det Lokale eltilsyn jobbar for å redusere brann, ulykker og skadar på grunn av elektrisk strøm og står årleg for fleire bustadkontrollar, dette for å sikre deg og dine for å unngå brann og elektriske farar.

Eltilsyn i bustader og verksemder

Nettselskap er med heimel i eltilsynslova pålagde å drive tilsyn på elektriske anlegg innan forsyningsområda sine. Meininga med tilsyna er å førebyggje brannar og ulykker forårsaka av strøm.

Som huseigar er du pliktig til å la eltilsynet få tilgang til det elektriske anlegget i bustaden din. Du betalar ingenting ekstra for dette tilsynet sidan det allereie er betalt som ein del av nettleiga. Under tilsynet blir det sett etter avvik som kan føre til brann, ulykke eller skade på personar. Om vi avdekkjer avvik vil vi sende eit varsel som skildrar kva manglar anlegget har og kva du må gjere for å utbetre dette.

Det formelle namnet på tilsynseininga er Det Lokale Eltilsyn (DLE). Tilsynet er heimla i el-tilsynslova og retningslinjer for arbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). DLE har styresmakt til å kontrollere og vedta utbetring av eventuelle farlege tilhøve i anlegget til kunden.

DLE har mellom anna følgjande arbeidsoppgåver:

  • Utføre tilsyn i private heimar og verksemder
  • Drive aktivt informasjonsarbeid
  • Svare på førespurnader frå publikum, elektrobransjen og andre næringsverksemder om bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr
  • Følgje opp meldingar frå publikum om tilhøve som kan vere forskriftsstridige eller bekymringsverdige
  • Hjelpe politi og brannvesen i etterforsking av brannar
  • Informere om eltryggleik i skoleverket

Bekymringsmelding

Det er mange grunnar til at folk kan vere bekymra for eltryggleiken. Du er kanskje usikker på om elanlegget er i orden eller om det elektriske utstyret ikkje verkar som det skal. Dette kan du gjere noko med!

Eigar og brukar av elanlegg og utstyr er sjølv ansvarlege for at alt er i orden og brukast på ein forsvarleg måte. Dette vil også seie eit ansvar for å ta faresignal på alvor og syte for nødvendige tiltak slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar.

Om du kjenner til tilhøve knytte til elektrisitet som kan føre til fare for deg eller andre, kan du dele bekymringa di med Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE). Før du sender inn ei eventuell bekymring til DLE, bør du likevel først vurdere om tilhøvet kan løysast på andre måtar. De kan sende inn bekymringsmelding via kontaktskjema under:

Bekymringsmelding
* obligatorisk informasjon

Er du bekymra for ditt eige elanlegg
Om du har mistanke om at det er feil i elanlegget ditt, pliktar du som eigar å kontakte ei registrert installasjonsverksemd for å få avklart dette og utbetra eventuelle feil. Leigetakarar har også eit ansvar for at elanlegget dei brukar er i orden. Om du som leigetakar oppdagar feil på elanlegget, må du snarast melde frå til eigar om dette. Kven som skal syte for vedlikehald og utbetring av feil bør kome fram av leigekontrakten.

Er du bekymra for ulovlege installasjonsarbeidarar?
DLE har som prioritert oppgåve å følgje opp verksemder og personar som ulovleg utfører installasjonsarbeid. Om du har kjennskap til slike aktivitetar, kan du sende inn ei bekymringsmelding til oss, gjerne på e-post.