Vilkår for bruk av HAN-port:
Ansvar - personvern
Ved opning av HAN-porten overtek kunden sjølv alt ansvar i forhold til tilkopla utstyr, personvern og bruk/lagring av data som blir henta ut via dette grensesnittet.
Sikring av personopplysninger og forbruksdata
For at SkiakerNett skal kunna sikra personopplysningar, må du som kunde stadfesta at strømmålaren det gjeld, er fysisk sikra. Når du som kunde ber om å få opna HAN-porten for lesing av eigne forbruks data, kan dine data vernast anten ved kryptering eller fysisk sikring.
Ifølgje Norsk Elektroteknisk Komité (NEK) vil tilstrekkeleg fysisk sikring vera at målaren står inne i bustaden din eller i eit låsbart skap eller rom. Dersom du bur i burettslag eller sameige med felles målarrom, vil låsbare fellesskap eller rom saman med dine naboars målarar vera tilstrekkeleg fysisk sikring.
Ansvar for feil og skade.
Tilkopling av ikkje godkjent utstyr til SkiakerNett sitt måleutstyr, som forårsakar feil eller skade på dette, kan medføra erstatningsansvar.
Flytting/oppseiing/stenging av Han-port.
Ved flytting eller oppseiing abonnement som medfører ny kunde på anlegget, pliktar du å varsla SkiakerNett om dette før endringa blir gjennomført.
Me tek atterhald om eventuelle endringar i vilkår for bruk av HAN-porten. Vilkåra kan endrast dersom det kjem nye retningslinjer om bruk frå styresmakter og bransjeorganisasjonar.