Med eFaktura kjem strømrekninga rett i nettbanken din. Du slepp å taste KIDnr og beløp, det einaste du treng og gjere er å godkjenne eFakturaen. Du ordnar eFaktura i din nettbank ved å svare "Ja takk til alle".

Frå 1. desember 2021 må du gje generell aksept for eFaktura «Ja takk til alle» for å kunne motta rekningar frå bedrifter som du tidligere ikkje har motteke eFaktura frå. Vi oppfordrer difor alle eFakturakundar til å inngå «Ja takk til alle»-avtale så fort som råd. Sjå meir info om eFaktura her: www.efaktura.no/Privat

Med e-postfaktura vert strømrekninga sendt til e-posten din og du betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. E-postfaktura kan du ordne sjølv ved å logge inn på DIN SIDE. Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar, samt bestille faktura på e-post. Dersom du ønskjer avtalegiro i kombinasjon med e-postFaktura ordnar du dette i nettbanken din.

Dersom du ønskjer avtalegiro på strømrekninga ordnar du dette i nettbanken din. Referanse for avtalegiro finn du på strømrekninga.

NÆRINGSKUNDAR

For næringskundar kan vi tilby e-postfaktura og EHF-faktura.

Med e-postfaktura blir strømrekninga sendt til e-posten og dykk betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. E-postfaktura kan dykk ordne sjølv ved å logge inn på din side. Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar, samt bestille faktura på e- post. Eller ta kontakt, så ordnar vi e-postfaktura for dykk.

EHF (Elektronisk Handelsformat) vert brukt av statlege, kommunar og private verksemder for mottak av rekningar. Ein EHF-faktura er ein elektronisk faktura som vert sendt direkte frå økonomisystemet til avsender til økonomisystemet til mottakar. For å kunne motta EHF-faktura må ein ha eit økonomisystem som kan motta og behandle faktura på Elektronisk handelsformat (EHF) og registrere seg som mottakar i ELMA-registeret. Les meir på Difis fagsider om offentlige anskaffelser.

Ta kontakt med oss, dersom du ønskjer å motta strømrekninga di i EHF-format.