For å få strøm til ditt hus, må du ha to avtaler:
- Ei avtale med SkiakerNett som driftar kraftnettet og transporterar kraft fram til deg. Du kan ikkje velje nettselskap sidan dette er bestemt ut frå kvar du bur.
- Ei avtale med ein kraftleverandør som kjøper krafta av kraftprodusent og sel vidare til deg som kunde. Du må sjølv velje den kraftleverandøren som du vil kjøpe kraft av.
Etter energilova pliktar nettselskap å levere strøm til kundar som står utan gyldig kraftleveringskontrakt. Dette er ei «midlertidig strømavtale» som kallast pliktleveranse og gjeld fram til kunden teiknar seg ei avtale med ein kraftleverandør. Du kan bli ståande utan kraftavtale dersom kraftleverandøren din legg ned si verksemd, vert ekskludert frå den norske sluttbrukarmarknaden, eller seier deg opp som kunde.
Dette koster leveringsplikta strøm:
Leveringplikt | Påslag | Påslag (eks.mva) |
Første 6 uker | 6,25 øre/kWh | 5 øre/kWh |
Utover 6 uker Fra 01.12.2022 til 30.06.2023 | 6,25 øre/kWh | 5 øre/kWh |
Utover 6 uker Fra 01.07.2023 | 12,5 øre/kWh | 10 øre/kWh |
- SkiakerNett sin pris på leveringsplikt er elspotpris for vårt område med eit påslag på 6,25 øre/kWh inkl. mva for dei fyrste seks vekene.
- Elsertifikat kjem i tillegg.
- I tillegg til oppgjeven pris på kraft levert på ventetariff kjem det nettleige.
Kraft levert gjennom pliktleveranse er normalt dyrare enn vanleg kraftlevering og er ikkje meint som ei permanent løysing.
Ta derfor kontakt med ein kraftleverandør og få ei ordinær kraftleveringsavtale. Det er mange å velge mellom, fullstendig liste over kraftleverandørar som nå leverar kraft i Skjåk finn du her.
På Forbrukerrådet sin nettstad: strømpris.no finn du informasjon om prisar og leverandørar. Les meir om korleis du skiftar kraftleverandør under leverandørskifte.