Nettleige er det kunden må betale for å vere knytt til strømnettet og for å få transportert strømmen fram til huset. Nettleiga skal gå til dekning av kostnader som everket har for å byggje, drifte og vedlikehalde linenettet, for å kunne ha ei sikker og stabil strømforsyning.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som regulerar inntektane til både SkiakerNett og alle andre nettselskap i Noreg. Nettselskapet får tildelt ei rame for kor store inntektar dei kan ha, ei såkalla "inntektsrame". Denne reguleringa skal hindre at du som kunde må betale ein høgare pris enn nødvendig. NVE skal overvake at alle aktørane i marknaden opererer i samsvar med dei lover og forskrifter som gjeld.

Nettleiga har tre ledd; eit fastledd, eit energiledd og eit effektledd som tilsaman skal dekke kostnadane som everket har med linenettet i samband med bygging, drift, vedlikehald, måling, tilsyn, avrekning mm.

FASTLEDD

Det faste leddet skal dekke kundespesifikke kostnadar og i tillegg ein andel øvrige faste kostnadar i nettet.

ENERGILEDD

Energileddet (det variable leddet) skal minst dekke tapskostnadane i linenettet ved overføring av strøm. Prinsippet bak fastsettinga av energileddet i nettleiga er at dette skal reflektere kostnaden ved kunden sit bruk av nettet. Når kraft vert overført gjennom nettet vert det utvikla varme, og dermed går ein del av krafta tapt. Auka forbruk gjev ei større belastning som fører til auka tap i nettet. Prisen på bruk, energileddet, skal som hovudregel reflektere desse tapskostnadane ved overføring av strøm. Dersom ein nærmar seg kapasitetsgrensane i nettet kan tapet bli stort.

EFFEKTLEDD

Eit elektrisk nett må dimensjoneres for det tidspunkt i året da kunden brukar mest strøm. Derfor vert dette maksimalforbruket utgangpunktet for kva nett ein treng, og dermed kva nettet kostar. Maksimalforbruket måles i kW (kilowatt) og vert kalla effekt. Dagens smarte målarar måler og registrerar forbruket kvar enkelt klokketime. Den høgaste timeverdien i kvar enkelt månad vert brukt som grunnlag for avrekning av det såkalla effektleddet i tariffen for den aktuelle månaden. Effektleddet er trinna slik at dei fyrste 100 kW vert det betalt ein pris for, for dei neste opp til 200 kW ein anna pris osv. Sjå MI SIDE

AVGIFTER

Statlege avgifter er ikkje ein del av nettleiga, men skal faktureres saman med nettleiga. Avgift til Enovas Energifond er ei av avgiftane som vert kravd inn. Påslag på energileddet for hushaldningar er 1,25 øre/kWh og for næring NOK 800/år. I samarbeid med Olje- og energidirektoratet gjev Enova stønad til energi- og klimatiltak, og fremje utvikling av ny energi- og klimateknologi. Forbruksavgift (elavgift) vert krevd inn for Skatteetaten. I tillegg kjem meirverdiavgifta. Alle avgifter er inkludert i energiprisen for forbrukskundar. Nettselskap har ikkje anledning til å ta gebyrer ved innkrevjing av nettleige anna enn ved forsinka betaling.

For meir informasjon om korleis nettleiga er utrekna, gå til nettleigeprisar

KVA ER FORSKJELLEN PÅ NETTLEIGE OG KRAFT?

Som strømkunde betalar du for elektrisiteten din til to forskjellige aktørar: din kraftleverandør og ditt nettselskap.

Derfor må du ha to avtaler:

  • Ei avtale med SkiakerNett som eig, byggjer og driftar det lokale distribusjonsnettet og transporterar strøm fram til deg. Dette betalar du nettleige for. Du kan ikkje sjølv velje nettselskap, men må bruke selskapet som eig nettet der du bur.
  • Ei avtale med ein kraftleverandør som kjøper krafta av kraftprodusent og sel vidare til deg som kunde. Du må sjølv velje den kraftleverandøren som du vil kjøpe kraft av. Strømmen i kontakten og kvaliteten på denne er uansett den same. Eit viktig vilkår for ein fri kraftmarknad er at overføringsnettet vert stilt til disposisjon for alle brukarar på eit ”likt-for-alle” vilkår. Dette betyr blant anna at du kan velje kva for kraftleverandør du vil, utan at det skal ha noen innverknad på nettleiga.

NYTTIGE LENKAR