Det er kostnadsfritt å byte kraftleverandør. Nettselskapet skal leggje til rette for at kundar skal kunne foreta leverandørskifte. Strømpris.no er eit verktøy for forbrukarane som vil orientere seg i kraftmarknaden. Strømpris.no er utvikla av Forbrukerrådet i samarbeid med bransjen, Konkurransetilsynet og NVE. Det er mange kraftleverandørar å velje mellom, sjå fullstendig liste over kraftleverandørar som nå leverer kraft i Skjåk.
Ta direkte kontakt med kraftleverandøren og hugs å ha fylgjande opplysningar tilgjendeleg når du skal bestille kraftleveringsavtale:
- Målepunkt ID (dette står på faktura)
- Fødselsnummer eller organisasjonsnummer
- Namn eller firmanamn
For meir informasjon om korleis marknaden fungerer, viser vi til NVE sine forbrukarsider.