Strømlaust? - da er det nokre ting du kan sjekke sjølv for å finne ut om feilen ligg i huset eller i SkiakerNett sitt nett.

MØRKT HJÅ GRANNANE?

Er strømmen borte hjå grannane også? Dersom det er mørkt i alle hus, er feilen sannsynlegvis i SkiakerNett sitt nett. Dersom området ditt ikkje er på lista over planlagde utkoplingar eller uventa strømbrot, så set vi pris på at du tek kontakt med oss.

BERRE HJÅ DEG?

Dersom det berre er hjå deg det er strømlaust: Sjekk sikringar og jordfeilbrytar. Er strømmen fråkopla på grunn av manglande betaling, ta kontakt med oss i vanleg arbeidstid.

Dersom du ikkje finn grunn til at du er strømlaus, ta kontakt med oss.

Dersom kunde bestiller elektriker før SkiakerNett er kontakta må kunde stå for rekning fra elektriker. Det blir ikke godtatt å dekke kostnader på kundes initiativ mot elektriker uten at dette er avklara med SkiakerNett. SkiakerNett bestiller elektriker når dei skal dekke kostnader på anlegg mot kunde.

FØRE VAR

Forsikringsselskapa har i mange år anbefalt å dra støpsel til følsamt utstyr ut av kontakta ved torevêr. Dette bør ein også gjere når det er andre feil med elektrisitetsforsyninga, for eksempel ved tungt snøfall, mykje vind, torevêr eller ved «halv spenning». Ein bør dra ut støpselet til: PC, TV, kjøleskap, frysar, vasspumpe og varmepumpe. Panelomnar, komfyr og glødelamper kan som regel nyttast med mindre dei inneheld mykje elektronikk. Ved torevêr bør ein og sjekke at overspenningsvernet er i orden.

FEILMELDING PÅ TELEFON:
612 13 810 i opningstida kl. 09:00 - 14:00
612 13 850 utanom arbeidstid

For å motta informasjon om planlagde utkoplingar på sms, må du logge inn på DIN SIDE øverst til høgre i menyen, og registrere/oppdatere mobilnummer ditt.