Elhub web plugin

Elhub web plugin er den delen av Elhub der sluttbrukar (kunden), får tilgang til eigen informasjon, via marknadsaktørens (strømleverandør eller nettselskap) nettsider. Tilgang til dette kan også gjevast til ein tredjepartsaktør, dersom kunden ønskjer det.

Elhub er kraftbransjens felles datahub der alle datane frå strømmålarar og strøm-/nettleigekundar i heile landet blir samla inn i eit felles system. Elhub skal gjera det lettare for kundane, nettselskapa og kraftleverandørane å rapportera forbruk og kunne bidra til å avdekkja problem i strømnettet.

Ved å logga deg inn i Elhub Web Plugin med din BankID får du som kunde tilgang til eigen informasjon om målepunkta dine.