NYTT ELLER ENDRING AV ANLEGG?

Dersom nokon skal ha strøm til eit nytt elektrisk anlegg eller må endre på sitt eksisterande anlegg som påverker SkiakerNett sitt nett, må det sendast inn søknad. Endringar kan f. eks. vere auke av overbelastningsvern eller endring frå luftline til kabelanlegg. Vi er avhengige av å få inn slike endringar frå kundane våre så tidleg som mogleg, slik at vi kan planlegge anlegget på best mogleg måte. Alle nye og endringar av anlegg som påverker SkiakerNett sitt nett vil bli belasta kunden eller utbyggjar, dette reknast ut etter gjeldane reglar og forskrifter. Les om anleggsbidrag her.

Digitale søknadsskjema:

Nedanfor ligg søknadsskjemaet i PDF-format for dei som ønskjer å fylle ut skjemaet manuelt. Søknaden skal sendast inn til e-postadresse post@skiakernett.no eller som brev til SkiakerNett, Moavegen 28A, 2690 Skjåk.